søndag 21. juni 2015

Årets leseprosjekt i ferien

Når ein har avspasering og sommarferie er det viktig å sette av ein del tid til fagleg oppdatering. I år har eg, med ein heil del hjelp frå bibliotekaren på jobb, plukka med meg heile 19 boktitlar frå skulebiblioteket. Det meste er ungdomsbøker, men eg har òg funne nokre lettleste engelske bøker. Ungdomsbøkene skal eg lese mykje fordi det er ein sjanger eg les lite av, og det kan vere greitt å vite kva ein skal anbefale når ein skal oppmode ungdomar til å lese. Dei engelske bøkene skal eg lese for å friske opp språket litt.

Det finst mange gode grunnar til å lese, spesielt når ein underviser i engelsk og norsk. Her blir det mange hyggelege stunder!

1 kommentar:

  1. Ambisjonsnivået mitt er litt lågare. Men eg har kjøpt meg ei engelsk krimbok og eit par norske papirromanar.

    SvarSlett