onsdag 1. oktober 2008

Onsdagsfri med solskin og skogstur







I år er det visst ingen ende på solskinet! Nok ein nydeleg dag, og i dag har vi stort sett vore i skogen saman med hundane. Vi har stor moro av å leike "gøyme og leite" med dei, og Bau er heilt klart den flinkaste til å finne ungane (BIS = best i skogen...?). Unge Indiana laga seg slengtau av det eine hundebandet og slengde seg i ei rotvelta gran.

3 kommentarer:

  1. Koselig å sjå at Bau er komen HEIM til dokke igjen. Veit ikkje om Bianca har sakna han, men eg trur det må vere litt einsomt for henne når han er vekke. Eg har rydda og støvsuga i dag, mens Nils har vore ute og drege teiner. Har no hatt meg eit par runder rundt huset. Skulle gjerne ha vore i skogen, eg også. Heldigvis finst det bilvegar mange stader, for slike som meg.

    SvarSlett
  2. Raud gensar Solveig og rosa gensar deg? Veldig likt, i alle fall!

    SvarSlett
  3. Rosa gensar er i alle fall den som liknar mest på meg av alle - i sinn og skinn, er eg redd.

    SvarSlett