onsdag 22. oktober 2008

Heimeonsdag





Veret var skikkeleg surt i dag tidleg, men etter kvart har det letta bra. Nysnøen er langt nede i fjellsidene, og eg har fyrt i tre omnar i dag. Sidan bunke nummer tre denne veka ligg og ventar på pulten min på jobb, har eg stort sett sete med nasen ned i bunke nummer 1 i dag. Småungane har styrt seg sjølve, for det meste, og det har dei eigentleg godt av innimellom. Ny leik i dag var dokketeater i senga til Storebror, og dei skifta på å vere publikum og aktør.

2 kommentarer:

  1. Eg er absolutt FOR uorganisert leik-det stimulerer fantasien- blant anna.Dessutan er ungane sin kvardag svært organisert i forhold til slik som det var før, i min barndom for eksempel. Ser ut som dei kosar seg!!!

    SvarSlett
  2. Heilt enig! Og det er viktig at ungane får bestemme tempoet sjølve innimellom og leike seg ferdige. Vi er flinke å avbryte dei for ny aktivitet.

    SvarSlett