



Det går mot Halloween, og i dag var vi fire damer og åtte barn som pynta og styrte til Halloweenfesten komande fredag. Det tek si tid å arrangere fest, men det er utruleg kjekt også - viss festen blir vellukka, er det bonus. Vi har bestemt at vi skal arrangere Halloween her i bygda annankvart år, medan nabobygda arrangerer det andre året. Personleg synest eg Halloween og karneval er mykje kjekkare enn både juletrefest og 17. mai-feiring, og i år innfører vi i tillegg den nye tradisjonen Hallo-vin, som er eit nachspiel for vaksne damer etter at barna er reist heim med fedrane sine...
Eg har alltid vore motstandar av å innføre "amerikanske" skikkar i vårt miljø.Men no må eg visst akseptere Halloween også? Elles kan eg tilstå at eg var den som innførte karnevalsfeiring på Velle skule i si tid.....
SvarSlettEg synest de er flinke å finne på moro ute på "bondelandet" !