onsdag 8. oktober 2008

Bakkebolla bakar bollar


Femtenåringar kan vere både sånn og slik, men mitt første eksemplar av arten er noko heilt for seg sjølv. Ikkje det at vi ikkje kranglar så busta fyk, for all del, men så er ho verdas godaste når ho legg smørsida opp. På Polenturen stod ho og eg og goda, og ei av dei andre mødrene kommenterte at hennar dotter aldri ville ha stått slik og klemt. Då tok Eldstejenta runden og klemte alle mødrer innan rekkevidde. Der er meir der det kjem frå, for å seie det slik. Då Gamla kom ut av dusjen i dag tidleg, hadde femtenåringen laga frokost og lagt eit brev på kvar tallerk der ho fortalde kvart einskild familiemedlem (unntatt faren, som var på nattevakt) kor spesielle vi var og kor glad ho er i oss. Så fekk vi bonusklemmar etter kvart som vi hadde lese breva våre. I skrivande stund har ho baka bollar med kanel i svingane og vaniljekrem. Kan idyllen bli meir fullkomen?

4 kommentarer:

  1. Ja, Ingeborg er heilt spesiell!Det er ingen tvil om det.Men du var litt sånn sjølv også-i yngre år, rett nok. Når du såg mora di på gangen på Gamle Velle måtte ho ha ein klem. Resultatet vart ofte at halve klassen kom og klemte meg, dei også.

    SvarSlett
  2. Eg og hugsar klemminga til mora. Der er vi forskjellige.....
    Bollane ser kjempegode ut!

    SvarSlett
  3. Klemming er ein god ting-når det er frivillig for begge(alle) partar! Og det er lov å vere ulike.

    SvarSlett
  4. Ja, det er ikkje for alle likt, men veldig koseleg når ein får klem med folk ein "likar". I min barndom var det lite fysiske kjærteikn, men vi hadde ein trygg og god heim. Dette har vel gått litt i arv seinare, men Besten har heller ikkje vore nokon offentleg "klemmar". Veslejenta har nok endra noko på dette, ho skal ha kos både når ho kjem og når ho fer! Hugsar tante Eldbjørg var raus med klemmane, noko uvant for meg, borna hennar er også klemmarar. Artig tema. Eidabesta

    SvarSlett