lørdag 18. oktober 2008

Språkdebatt også i heimen

Eldstejenta var på Aasentunet fredag, og der fekk ho mellom anna møte Runar Gudnason (betre kjend som Torstein Hyl i "Side Brok"). Stolt kunne ho fortelje at ho hadde lært han eit nytt dialektuttrykk: "brøstsved". Det hadde han ikkje høyrt før, men han syntest det var eit stilig ord. Elles er det mykje som forsvinn av den eigentlege dialekten på staden her. Gamla irriterer seg til dømes over at hennar søte små seier "hvilken" i staden for "ka for en", "ka slags" eller til nød "kalaks" (som ungane ler hysterisk når Gamla foreslår - det har noko med fisk å gjere). Den snusfornuftige 8-åringen i heimen, som kom skuffa heim frå sitt andre besøk på Aasentunet fordi dei berre hadde teikna og sett film, kasta ut følgjande saksopplysning: "mange syns an Ivar Aasen va plagsom fordi han berre fann opp ei ny dialekt". Den skal eg ta når eg skal til på språkhistoria!

6 kommentarer:

  1. Det hadde vore interessant for meg å snakke med ørstaungdom. Skal tru kven som snakkar mest "ørsting". Dei vinn vel uansett, for defininsjonen er vel det ein snakkar i ørsta, men....
    Her er det to uttrykk som "irriterer" meg språkleg nemleg "foran" og "gutta", begge mykje brukt i fotball...

    SvarSlett
  2. Islandsk er visst i vinden no. Halvparten så mange skriv det som nynorsk.

    SvarSlett
  3. Seier dei verkeleg Hvilken????? Det har eg aldri lagt merke til.Og det er eigentleg heilt bort i hampen. Eg er vant til at ungar seier "kalaks" eller noko i den dur. Dessverre er det veldig lite ein kan gjere for å endre språk som folk har lagt seg til, same kor gale/feil det er! At Ivar Aasen var plagsom er det sikkert mange som er enige i!
    Unnskyld Solveig, men eg seier foran. Har lært mykje av elevane mine.Mykje som eg prøver å avlære no.Elles må vi berre finne oss i at språker er ein levande "organisme" som vil endre seg heile tida.

    SvarSlett
  4. No er ikkje du sunnmøring heller..
    Berre høyr på Fjørtoft og Teigene, eg seier ikkje meir.
    Når det gjeld ungane, må ein av og til stoppe opp og tenke over kvar opphavet kjem frå.
    Dersom ein tek alle foreldr skuleklasse, kor mange er innfødde?

    SvarSlett
  5. Må innrømme at eg seier "foran" innimellom eg òg

    SvarSlett
  6. Det er eit ord som har snike seg inn i dialekta siste åra. Her seier ungane henda og føta i staden for hendene og føtene. Dei har også lenge gått på tannlegen.

    SvarSlett