mandag 20. oktober 2008

Bok 38: "Tyl" av Finn Tokvam og Halvor Folgerø


Når nattesøvnen uteblir, er det greitt å ha noko morosamt å lese. Då eg vakna etter to timars søvn sist natt, drog eg fram boka "Tyl", og ikkje sidan Erlend Loes "Doppler" har eg flira så høgt og lenge av ei bok som eigentleg rører ved alvorlege tema som det evig aktuelle spørsmålet om kva meininga med livet er. Spesielt Olav Stedje-dikta fall i smak, og eg stod fleire gonger i fare for å vekkje resten av huslyden med hikstande latter. Tokvam og Folgerø er kjende frå "Radio Røynda", mellom anna, og det er blitt meg fortalt at dei snart kjem til Volda. Kanskje eg bør ta meg ein tur då?

7 kommentarer:

  1. Veit ikkje kva tittelen tyder? Det kan umulig vere nordfjordsk?
    Av og til les eg lydbøker som er så morsomme at eg ler høgt. Føler meg passe dum, då. Radio røynda kjenner eg godt til frå TV.
    Viss du har behov for å le meir-les Aarto Paasillinna!(Usikker på skrivemåten)Han skriv også morsomt om alvorlege tema.

    SvarSlett
  2. Akkurat no les eg eventyr, og så skal eg til på krim. Kanskje ein god latter hadde passa etterpå? Eg får vere på utkik!

    SvarSlett
  3. "Tyl" er eit ord vi brukar her. Brukar dokke det ikkje på Sunnmøre?
    Høyrest ut som ei artig bok. Du er jammen flittig til å lese bøker, men det er vel viktig for deg også, å halde deg oppdatert pga. jobben. Når det gjeld nattesøvn, har eg slutta å drikke kaffi etter klokka 18:00. Dersom eg gjer det, risikerer eg å vakne midt på natta og vere lys vaken... Ikkje kjekt... Ting skjer når ein passerer 40 år!

    SvarSlett
  4. Då ungane var mindre, var ein vel så utmatta at ein somna momentant. No er livet litt annleis. Så lenge ein ikkje verkjer eller tenkjer på noko vondt og vanskeleg er det ikkje noko problem med ei våkenatt.

    SvarSlett
  5. Ordet "tyl" kjenner vi frå Nordfjord og sørover - det er ikkje i bruk her, etter det eg veit. Elles må eg no seie til Strikkemor(o) at eg ikkje strikkar eller syr, så det blir mykje tid att til å lese :)

    SvarSlett
  6. Det viktigaste er at alle har tid til å gjere noko dei likar, og i våre dagar har alle tid til det. Nokre folk seier at dei ikkje har tid til å strikke, lese, trimme osv. Då er dei ikkje interessert nok. Å seie noko anna er berr tyl!

    SvarSlett
  7. Heilt enig!
    Men tidsbruk og pengebruk er vanskeleg å diskutere!

    SvarSlett