tirsdag 9. februar 2010

Bok 5 2010: "Med tigeren og bjørnen til Panama" av Janosch

Eg tel ikkje med alt eg les av barnelitteratur, noko som er ein heil del. Ungane og eg er på biblioteket så og seie kvar veke, og vi låner alt frå bøker om gitarspeling til biletbøker om Paddington.

No har vi lese ferdig ei samlebok med fleire spennande historier om Bjørnen og Tigeren, som mange sikkert vil hugse frå barne-tv. Janosch (Horst Eckert) er ein glitrande forteljar og illustratør, og forteljingane hans har ein gjennomgåande bodskap om at graset ikkje er grønare andre stader, og at ein ny, spennande ven ikkje er like trufast som den gode, gamle venen.

Spesielt 6- og 9-åringen har likt å høyre forteljingane, sjå på bileta og lese sjølve etterpå. Sjølv har eg hatt litt av ein jobb med å etterlikne Hildegunn Riise i opplesinga...

2 kommentarer:

  1. Dette var ei av yndlingbøkene mine då ungane var små! HR las dei nydeleg på barne-TV.

    SvarSlett
  2. Eg hugsar med glede opplesingane på barne-TV. Gode barnebøker er GODE for vaksne også. Eg har ei av desse bøkene ståande i hylla mi.Men har ikkje så mange å lese til.

    SvarSlett