onsdag 10. februar 2010

Bom-tur til Hesteneset

Det er litt spennande å bu nær ein bom, og i dag var ungane, hundane og eg på tur inn til Hesteneset, der vegen rundt Austefjorden er stengd av eit snøras. Nummer 2 gjekk på skøyteski, eg gjekk på beina og dei to minste skifta på å sitje på snøracer og bli dregne av hundane.

Turen vart lang og tung fordi det ikkje var pløgt på vegen, og til middag gjekk vi tomme for pannekakerøre før vi eigentleg var mette...

1 kommentar:

  1. Må seie at de er flinke å komme dokke ut på "fridagane"- det gjer godt for kropp os sjel.

    SvarSlett