søndag 21. februar 2010

Christine De Luca

Laurdag kveld var eg på Hareid hos Systa, der det var sosialt samkome i høve besøk av den shetlandske forfattaren Christine De Luca. Dei andre gjestene var for det meste gamle kjende, og det vart ein triveleg kveld med god mat og prat, i tillegg til kulturelle innslag i fleire sjangrar.

I dag var De Luca hovudattraksjon på Aasen-tunet, og det vart både diktlesing og ei førelesing om språket på Shetland.

Forfattaren skriv dikt på engelsk og "Shetland dialect", og Odd Goksøyr og Andreas Bjåstad har omsett nokre av dikta til nynorsk. Dikta er relativt enkle i form og språk, men dei er vakre, og etter det eg har høyrt og lese hittil ser det ut som om ho bruker naturen metaforisk for å seie noko om menneske, og det høver godt når ein kjem frå ein såpass spesiell stad. I tillegg må det seiast at De Luca framstår som svært sympatisk, humoristisk og omgjengeleg. Ei spennande dame.

4 kommentarer:

  1. Flott pressedekning! Trur ikkje der var journalistar ...

    SvarSlett
  2. Fotoapparatet mitt tok så dårlege bilde. Eg angrar på at eg ikkje har kåra meg til å kjøpe nytt - og sett meg inn i bruksanvisninga. Elles sat eg klar og trudde alle skulle kome fram til slutt.

    SvarSlett
  3. Det hadde gjort seg med ei litt anna avslutning, det er eg samd i.Det vart liksom ikkje sett eit skikkelig punktum.Eg skuldar på representanten frå Aasenhuset.Elles var det både interessant og givande.Særlig når ho las dikta sine på Shetlandsdialekt, eit nydelig og "musikalsk" språk.(Eg forstod ikkje så mykje av språket men forstod likevel, fordi ho brukte kroppsspråket i tillegg til teksten.)

    SvarSlett
  4. Hei!
    Sandra Mørkestøl fra nærnett høgskulen i Volda her.
    Jeg vil gjerne skrive en nettartikkel om blogging. Lurte på om du hadde hatt muligheten til å snakke med meg om din flotte blogg?

    Send meg mail på:
    your_friend_sandra@hotmail.com
    eller ring meg:
    45419677

    SvarSlett