fredag 12. februar 2010

Englar og demonar

Det blir ikkje særleg truverdig å seie at løysinga på mysteriet i filmen er føreseieleg, når ein både har lese boka og sett ein dokumentarfilm om den tidlegare. Likevel vil eg påstå at ein svært tidleg får ein mistanke om kven som står bak alle intrigane og morda i Vatikanstaten. Trass dette er filmen god underhaldning med fart, spenning og ikkje minst glimt av Roma - ein by eg vitja i 1991 og håpar på å reise attende til ein gong. Helst utan at der er for mange pavemord og denslags.

3 kommentarer:

  1. Eg gjetta også ganske fort kven som var skurken då eg las boka.Likevel var boka spennande. Eg var mindre begeistra for filmen.Slik er det som regel-bøkene er best.

    SvarSlett
  2. Filmen hadde noko boka ikkje har: bilete frå Roma!

    SvarSlett
  3. Eg har lese boka, men ikkje sett filmen. Audun og kompisen var skuffa.

    SvarSlett