fredag 26. februar 2010

Feriedag 5








 Sidan Eldstejenta slit med ein legg som ikkje toler så godt skiturar, vart det til at ho, Minstemann og eg gjekk oss ein tur oppover turløypa på Reset i dag, medan dei to mellomste var i bakkane og Gubben var i bua som vakt. Minstemann fekk eit anfall av vond fot såpass mora måtte bere han nedatt, men kvikna fort til då faren tok han med på tur på snøscooter.



Nummer 2 har fått ein skade på nasen etter at han "tryna" på snowboard i går - elles har dei hatt fire nydelege dagar på trekket i vinterferien.

Etter at trekket var stengt, kjørte ungane og eg til Eldstejenta der ho laga deilig pastasalat, medan mora tok oppvasken. Ein skikkeleg koseleg feriedag, og på toppen av alt fekk eg retta frå meg ein bunke på morgonkvisten og tatt ein liten shoppingtur saman med Eldstejenta.

3 kommentarer:

  1. Og eg "jogga" frå gågata til Amfi og tok eit par runder i kjøpesenteret også. Frisk luft og prat i Starevegen......

    SvarSlett
  2. Det såg herlig ut på Reset, forresten, er så glad for at fineveret varte ut ferieveka også.

    SvarSlett