søndag 14. februar 2010

Firebarnsmorsdag?

Kva skal ein velje? Krembollar eller marsipankake, presangar eller ein romantisk middag i høve Valentinsdagen? Gamla har fått morgondagens Oreokake på kjøla, og blomar har eg skaffa meg for lengst, som de veit. Skapet er fullt av sjokolade som eg kan trøstespise når det går opp for meg at ingen vil ta meg med på romantisk middag, og ungane har ikkje på nokon som helst måte signalisert at dei gidd å stå opp for å lage frokost. Tvert imot - dei har signalisert at dei ikkje har tenkt å stå opp før klokka 12, slik at dei får ein halvtime å gjere seg klar på før vi skal på 4H-arrangement. "Ej kan gå på badet meda du laga frokost", sa Eldstejenta rett ut, så her er det berre å skru forventningane ned på minimumsnivå.

Ja, eg skal ut og ete i morgon, for all del - eg skal få grille årets første pølser, og det ser eg faktisk fram til. Eg elskar bål og brisingar, pølsespidding og uteliv som inneber at eg er iført Felleskjøpdress. Litt aking og skirenn er heller ikkje å forakte, så eg ser fram til morgondagen sånn sett.

Det er berre litt sørgjeleg at tre festdagar blir slegne saman, og at ein på toppen av det har arrangement som ikkje legg opp til at resten av familien dyrkar Mater Familias, som har lide seg gjennom svangerskapskvalme og trøttleik, overvekt og bekkenløsning, kynnarar og fødslar - alt for å setje til verda desse trassige egoistane som til alt overmål ikkje legg seg før mora har heva stemma etter midnatt ein gong.

Det er rart med den morsrolla. Når ungane er somna og frustrasjonen er i ferd med å dempe seg, kjenner ein at viss ein skulle velje mellom oreokake, Valentinsmiddag og krembollar i morgon, så ville valet vere såre enkelt. Det blir pølser.

Gratulerer med dagen, alle mødrer der ute!

3 kommentarer:

  1. Det er så sant som det er sagt. Forresten er eg ikkje så veldig tilhengar av desse merkedagane, og Valentinsdagen er ikkje ein gong innarbeida her i huset.Når det gjeld morsdagen, har pater familias ein gong for alle slått fast at eg ikkje er MORA hans, og det er jo sant. Eg fekk ikkje takka deg for morsdagsgåva, så det gjer eg no.Takk!
    Det blir sikkert ein fin 4 H-tur i dag.

    SvarSlett
  2. Her stod enkelte mistenkeleg tidleg opp medan mor sov frampå. Kvifor? OL, sjølvsagt. Når det er sagt, har eg eit ambivalent forhold til desse merkedagane, spesielt dei nye som kjem. Dei er for å skru opp forbruket. Blomster kan ein kjøpe heile året.

    SvarSlett
  3. He-he. Morsom lesning.
    Dette er første gang jeg besøker bloggen din, men ut fra det lille jeg har lest og sett så langt, er jeg i hvert fall ikke i tvil om at du er en høyt skattet mamma!
    Pludrehanneklem

    SvarSlett