tirsdag 2. februar 2010

Første blogginnlegg om strikking - handarbeidsblogg neste?

Eg har forsømt mine oppgåver. Som mor til to jenter burde eg absolutt bere vidare tradisjonelle, feminine aktivitetar, ikkje sant? Ikkje berre matlaging og klesvask, men også handarbeid. Som eg verken er spesielt flink til (motorikken min høver betre til å skrive på PC, og knapt nok det) eller likar spesielt godt. Det er sikkert ein samanheng. Som raudstrømpe (ferdig kjøpt, ikkje heimespøta) burde eg vel òg heve meg over det å kalle det "tradisjonelle, feminine aktivitetar" og instruere dei to gutane òg.

Garn og strikkepinnar er kjøpt inn, og Nummer 3 er i gang med prosjektet sitt/vårt. Og tolmodet mitt får stadig nye utfordringar.

3 kommentarer:

  1. Ein bør ikkje nekte gutane å strikke, men det vert neppe nødvendig?
    Kanskje du skulle utfordre strikkebesta?

    SvarSlett
  2. Ja, kanskje det? Tenkte eg skulle lære vekk det mest elementære først - altså lære veslejenta alt eg kan sjølv...

    SvarSlett
  3. Eg må visst ta mi del av skulda. A.spurde meg så pent om eg trudde at eg greidde å lære henne å strikke- og eg svarte at det trudde eg, men då måtte vi ha litt tid på oss! Men så kom det fatale:MEN MORA DI KAN NO STRIKKE HO OGSÅ.
    Eg synest det er kjekt at ungane lærer kunsten. På Velle brukte vi å lære alle, både gutar og jenter, å strikke i 3. klasse(no 4.)og gutane var minst like flinke som jentene.Ingen skal tvingast til å strikke, men for mange er det ein kjær hobby. (Og kan lett kombinerast med lesing av lydbøker!)Det var eit herlig bilde!

    SvarSlett