torsdag 11. februar 2010

Red roses for a blue lady

Etter å ha brukt ein del av arbeidstida til å snakke om sjokolade (for så vidt ikkje noko revolusjonerande i seg sjølv) vart vegen kort til butikken etter jobb. Og så var der potteroser på tilbod i høve Valentins- og morsdag. No er eg slett ikkje sikker på at mine næraste har tenkt å markere dagen på søndag, og eg tek ingen sjansar.

Og før nokon kommenterer det: eg veit at rosene eg kjøpte var rosa, ikkje raude, men overskrifta viser til songen eg går rundt og nynnar på...

4 kommentarer:

  1. Det er best å vere på den sikre sida, og rosa roser er finare enn raude; i alle fall når det gjeld potteroser. Eg ønsker ikkje blomster til sundag, her er fullt i karmane og fullare skal det bli på sikt. Trur eg.

    SvarSlett
  2. Min favoritt er gule roser, i ekte Hamsun-stil. Jappen var frykteleg god, forresten, og eg vaska heile heimen på rekordfart etter å ha slukt den og skylt den ned med eit digert krus kaffi...

    SvarSlett
  3. Når det gjeld roser, så er eg vel sånn "Ja, takk, begge delar".

    SvarSlett
  4. Vi hadde ein stor bukett kvite roser med til Veninna på onsdag.Dei var berre nydelige.Ikkje alle likar kvite blomster, men eg synest det er lekkert.

    SvarSlett