lørdag 5. juni 2010

Bok 24 2010: "Dustefjerten" av Rune Belsvik

I kveld fullførte vi lesinga av denne barnebokklassikaren. Boka kan passe betre for store enn for små, i og med at mykje av boka handlar om at ein forfattar har problem med å finne på noko å skrive om. Her er òg teke med nokre utkast som han forkastar, før den endelege forteljinga begynner. Slike illusjonsbrot fungerer ikkje for alle born; Veslejenta kom med ein prustelyd då det siste kapitlet heitte "Forfattaren slankar seg".

Det finst i alt minst fem bøker om Dustefjerten, og vi kan godt finne på å lese fleire av dei. Eg les dei utan å omsetje til dialekt, noko eg oftast gjer når eg les til ungane, men eg irriterer meg litt over at nynorsk litteratur ikkje held seg til rettskrivingsreglar, men ofte har eit snev av dialekt i seg. Som sensor og norsklærar bekymrar eg meg over kor lite korrekt nynorsk born og unge omgir seg med.

3 kommentarer:

  1. Det siste kan eg skrive under på! Ein kan omtrent ikje lese avisa heller. Opnar ein Regionsavisa etter ein travel dag på jobb ... Møre Nytt inneheld sjeldan feil.
    Eg begynner å forstå gammalnorsk- (+grammatikk)læraren min på DH som hadde rykte på seg at han las Møre med raud penn i handa ... Dei kan ikkje ha fungerande korrektur!

    SvarSlett
  2. I skjønnlitteraturen verkar det som om dialektinnslaga (les: rettskrivingsfeila) skal gi tekstane ein ekstra dimensjon. Dessverre trur eg dei skaper meir forvirring blant lesarane, som les og skriv dialekt det meste av dagen.

    SvarSlett
  3. I Norge har vi ikkje noko normert talespråk, men to normerte skriftspråk og dertil samisk. Ganske innvikla system i eit så lite land! Men når ein i tillegg til diverse valfrie former også skal skrive dialektnært, då blir det reine skire anarkiet.Når eg les lydbøker er det greitt med språk som har mykje dialekt i seg, men skal eg lese sjølv vil eg ha reinhekla nynorsk eller bokmål.
    Ein annan ting er at somme forfatterar brukar si eiga "rettskriving"-norm, noko som er heilt forkastelig.Men korleis ein ordlegg seg i private brev etc.det har ikkje andre noko med.

    SvarSlett