onsdag 23. juni 2010

Bok 28 2010: "Noen vet" av Trude Teige

Forventningane mine var langt frå høge då eg begynte på denne krimromanen, men eg vart positivt overraska! Løysinga var lett å tenkje seg, men det var ei spennande historie likevel. Hovudpersonen og privatlivet hennar kan verke klisjéprega, med journalistjobb, ekteskapsproblem og tidsklemme som minner om Annika, hovudpersonen til den svenske krimforfattaren Liza Marklund.

Handlinga dreiar seg om at ein journalist snublar over ei historie om barneheimsborn som er blitt misbrukte og mishandla. Romanen kan såleis seiast å vere ein mellomting av krim og dokumentarliknande drama, og absolutt verd å lese!

3 kommentarer:

  1. Eg vart også positivt overraska over denne boka. Etter mi meining brukar ho krimsjangeren for å belyse eit stort og alvorlig problem.Truleg får ho fleire lesarar på denne måten. Boka er absolutt lesverdig.

    SvarSlett
  2. Heilt einig! Med begge to!

    SvarSlett
  3. Då er vi einige alle tre - ikkje verst!

    SvarSlett