tirsdag 1. juni 2010

Brising i kveldssol


Det går mykje i sensur for tida, og då er det kjærkome med ein liten pause innimellom. I kveldinga i dag fekk eg melding frå naboen om at dei brende brising, og at det var berre å kome. Og er det noko eg likar, så er det å brenne brising! Vi vaksne prata og bar greiner, medan gutane leika og styra med hunden Pelle. Han vart forresten så sliten etter kvart at han berre rusla heim på eiga hand. Dagens fotograf er Nummer 2.

Nummer 3 var forresten på fotballturnering på Sæbø i ettermiddag, med gutalaget ho er med på. 

3 kommentarer:

  1. Hugsar kor kjekt det var å rake og rydde i hagen den tida det var lov å brenne brising.Kanskje ikkje like kjekt for dei som hadde klesvask hengande ute.I love the smell of open fire in spring.

    SvarSlett
  2. Du må helse nr.2 og seie at han er ein flink fotograf!

    SvarSlett
  3. Når ein brenn brising like ved eit enormt hønseri, er vel ikkje lukta så vond. Alt er relativt.

    SvarSlett