tirsdag 29. juni 2010

Du skal ikkje tru det blir sommar...

Når ein ikkje har bil som virkar, vert det ein heil tur å stikke ein snartur på biblioteket. Minstemann fekk sitte i sykkeltilhengar, medan vi hine sykla til Folkestad. I Volda lånte vi oss bøker og filmar, handla mat og fekk Gubben til å hente posane våre så vi slapp å frakte dei heim sjølve. Sidan det er ferie, og fordi gradestokken for ein gongs skuld viste meir enn 20, kjøpte vi oss is og hadde med oss om bord på ferja.

Eg sette meg litt ut i sola medan nypotetene kokte. Innan vi var ferdige med middagen, hadde det skya over. Eit par timar seinare pøsregna det.

4 kommentarer:

  1. Same ver som her forstår eg! I dag måtte eg skilje katten og Nusse. Dei kosa slik at eg vart nervøs. Nusse såg ut som han ville pare seg og katten la seg på rygg. Nusse smånappa i pelsen på magen til katten. Katten såg ut til å storkose seg. Eg ilte til og skilde dei, men dei byrja på att. Så heiv eg kanina inn i buret sitt. Kva er dette for noko?
    Kanskje dei ver perlevener?
    Olaug får filme dei i morgon!

    SvarSlett
  2. Har aldri høyrt på maken! Verkeleg ein godbit for youtube!

    SvarSlett
  3. Eg hadde ikkje nervar til anna enn å skilje dei, var redd for blodbad... Kattar likar vel å ligge og sprelle. Leiken kan vel bli litt røff. Kaninar er eg meir usikker på. Nusse brummar mykje på katten for tida. Dei vert i alle fall litt action i liva deira.

    SvarSlett
  4. Ja, eit kaninliv i bur kan ikkje vere det heilt store. Men om kaninane ser ufarlige ut, har dei sterke bakføte og spenner bra ifrå. Så slepp ikke Lucy inn i kaninburet, please!
    Eg var inne og støvsuga m.m. før middag-og så kom regnet! I dag hadde vi pannekaker og steikt flesk.Hadde litt finmalt grovkveite i røra for å lette samvitet. Pannekakene vart like gode for det.

    SvarSlett