lørdag 12. juni 2010

Familiens språkgeni?

Mamma? Eg skulle ønske eg var ein øyenstikkar. Veit du ka? Ein gong møtte eg faktisk ein øyenstikkar. Og veit du ka? Eg kan snakke øyenstikkarspråk, so eg spurte na om korleis det var å vere øyenstikkar. Og veit du ka? Då ga han meg eingongs-vingar, som eg kunne flyge rundt med i ein heil dag. Og veit du kar eg flaug då? Til Sverige! Og rett inn i leikeland! Midt på natta! Der måtte eg snike meg forbi noken laserstrålar, men det gjekk bra fordi eg kunne flyge. Og veit du kar eg flaug etterpå? Til Eiffeltårnet! Der klatra eg heilt opp, og so datt eg ned, men heldigvis hadde eg vingar so eg kunne berre flyge heimatt.

Veit du ka? Eg kan snakke alle slags dyrespråk. Og plantespråk. Eg kan snakke med alle dyr og plantar i skogen og i hagen. Og so kan eg ting-språk, so eg kan snakke med huset og trampolina og sånn.

Knirk knirk - no snakkar eg med buda, mamma.

7 kommentarer:

  1. Ja, du snakkar meg om det....Han må ha arva språkgena til mora mellom andre.
    Fint at du skriv ned desse historiene, for elles har dei lett for å gå i gløymeboka.
    Knask, knask no snakkar eg med eplet mitt.

    SvarSlett
  2. Det er merkeleg med Minstemann; når heile flokken er samla, går han rundt i eigne tankar og i eigen leik. Når han og eg er aleine, snakkar han i eitt sett. Eg synest det er spennande å høyre på mange av fantasihistoriene hans, og lurer ofte på "kvar han tek det frå". Ei utømeleg kjelde, ser det ut til. Elles kan eg legge til at ein kompis av han var i Paris og såg Eiffeltårnet for ei tid sidan.

    SvarSlett
  3. Eg kom plutselig på Margrethe(?) og Jostein Gaarder, dei skreiv ei rekke barnebøker i lag då Jostein var liten. Og sjå korleis det gikk!Det var berre eit lite tips.
    Kanskje var det ungane som skulle "skrive" barnebøker.......dei har ikkje dei sperrene som vaksne har. Og ikkje samme sans for logikk m.m.

    SvarSlett
  4. Eg trur at barn sin fantasi liknar på våre draumar. Vi blandar saman eigne opplevingar og tankar med det vi har lese, sett og høyrt- når vi søv.

    SvarSlett
  5. Kom akkurat på at han brukte å "snakke med bilen" då eg kjørte han heim frå barnehagen - og eg måtte skifte på å snakke med eiga og bilen si stemme (det var forresten den same stemma som eselet Tussi har). I flokken vår er det Eldstejenta og Minstemann som har hatt desidert mest rolleleik, og begge gutane har hatt fantasivener. Eg kan hugse nokre glimt av eigen fantasi frå barndomen, og eg hugsar at eg kunne leike mykje aleine slik som Minstemann gjer.

    SvarSlett
  6. Heilt frå du var bitte lita, sat du ute og leika i sanden og koka i ei gryte- trur det var ball, eller klubb som vi sa.Trur mange ungar likar å drøyme seg litt vekk.Mamma brukte å seie om meg då eg var lita at eg var glad når veninnene kom- og når dei gikk igjen.Kjedar meg aldri åleine!

    SvarSlett
  7. Hey very nice blog!

    My blog :: online backup software
    Look into my page ; online file backup

    SvarSlett