onsdag 16. juni 2010

Gamlegjerde

I går sat den gode naboen min og eg og drakk kaffi i solveggen, og så spurte ho om eg ville kome bort på fridagen òg. Eg sa eg hadde planlagt å ta med ungane på Gamlegjerde, og det vart til at vi gjekk dit ilag, vi damene og fem av ungane. Ein fin måte å feire fridagen på, og forfriskande når ein skal bruke kvelden til sensur.

3 kommentarer:

  1. Sjølv om det ikkje vart så fint i dag som det var i går, er det godt å komme seg ut når ein har høve til det.Og når ein er så spreke som de er. Fantastisk utsikt! ER det Lauvstad vi ser tvers over?

    SvarSlett
  2. Ja, det er Lauvstad. Og viss ein snur på hovudet, ser ein Ørsta, eller innover Dalsfjorden. Alt etter kva veg ein snur seg, altså.

    SvarSlett
  3. Overskya ver er ofte godt fjellver. Men sola kan godt skine på toppen!

    SvarSlett