torsdag 24. juni 2010

Gratulerer, Nevø 1!

I 1987 kom min første "tanteunge" til verda, og i dag fyller han 23 og er ein vaksen mann med utdanning og jobb. Gratulerer så mykje med dagen!

PS: eg fann det biletet på Facebook, og anar ikkje kva det er han demonstrerer. Eg trur det må vere at han er fornuftig kledd etter vêrtilhøva. Årsaka til at eg knabba akkurat det biletet, er at det viser Nevøen i ein samanheng han trivst godt i.

...no var eg innom bloggen til "Besta" og fann eit koseleg bilete av Nevø 1 og meg sjølv, så eg knabba like godt det òg. Det må vere frå vinteren 1989, trur eg.

2 kommentarer:

  1. Eg meiner at det er eg som har strikka genseren han har på seg?Kanskje det er den han demonstrerer?

    SvarSlett
  2. Kanskje ...
    Elles hugsar eg godt at han stort sett gjekk i slike trøyer med ein knapp framme heime. Han sat ikkje i ro, så han sveitta lett. Søskenbarnet sat mykje i ro og så hoppa ho litt rundt. Einar jobba på heile tida, og det har han halde fram med.

    SvarSlett