fredag 4. juni 2010

Kveldstur til Helsetsetra (trudde det var Fladalssetra, men vart korrigert i ein kommentar)

Då Junior og Kompisen skulle på 4H på Bjørkedalen i kveld, foreslo Eldstejenta at eg berre kunne gå meg ein tur der framme medan det heldt på, og så kunne eg kjøre dei heim etterpå. Eg fall for freistinga, sjølvsagt, og tok i tillegg med meg ein stilbunke i tilfelle ventetida vart lang. Det vart den, men for gutane.

Ei hyggeleg, lokalkjend dame tipsa meg om ei seter eg kunne gå til i staden for å rusle rundt halve vatnet slik eg hadde tenkt. Turen var lett å gå, nesten utan oppoverbakkar, men i kjend Gamla-stil greidde eg å rote meg vekk frå stien både på veg opp og nedatt. Turen vart derfor noko meir strabasiøs enn planlagt, og i alt på 16000 skritt.

Ein ekstra bonus var eit hol i buksa som eg fekk då eg klivra meg gjennom eit gjerde med piggtråd. Like greitt, sidan det ikkje vart tid til annan fredagskrim i kveld.

4 kommentarer:

  1. .... du har nok vore på Helsetsetra etter bilda å dømme:)

    marianne

    SvarSlett
  2. Hahaha, kan det vere mogleg?

    SvarSlett
  3. Du ønska deg nytt kart til fødselsdagen. Det er notert. Berre så ikkje fleire får samme hintet!

    SvarSlett
  4. With havin so much content do you ever run into any issues
    of plagorism or copyright violation? My blog has a lot of exclusive
    content I've either authored myself or outsourced but it seems a lot of it is popping it up all over the internet without my authorization. Do you know any techniques to help protect against content from being ripped off? I'd
    truly appreciate it.

    my web blog ... online backup review
    Here is my web blog unlimited online backup

    SvarSlett