lørdag 26. juni 2010

Lars Petter Sveen og Rønnaug Kleiva

Rønnaug Kleiva er årets festspeldiktar på dei nynorske festspela i Aasentunet, og eg hadde veldig lyst til å få høyre henne lese. Ho er ein dyktig forfattar som kombinerer melankoli med det makabre, og som bruker eit språk som er blotta for sentimentalitet og overflødige ord. Dette viser best att i lyrikken.

Rønnaug var kollega av mor mi då ho arbeidde som lærar, og eg hadde henne sjølv i musikk og gym i ein periode. Mi første lærargjerning var eit vikariat for henne; eg trur det var i desember 1989. Det er derfor ekstra spennande å oppleve henne "live" - ho er så vakker, og har ei så behageleg stemme, og det er nesten ufatteleg at den same kvinna kan skrive så groteske tekstar som ho til tider har gjort.

I dag las ho tekstar om døden og livet, og nokre av dei greip meg skikkeleg. Eg synest dessutan eg høyrer eit ekko av Olav H Hauge når ho skriv "nullpunktet er ein stad å vere". Med seg hadde ho perkusjonisten Terje Viken på diverse instrument og lydeffektar.

Lars Petter Sveen las innleiingsvis tittelnovella frå samlinga "Køyre frå Fræna". Han var på skulen vår ein gong og snakka til elevar, og eg hadde verkeleg sans for nokre av novellene hans.

1 kommentar:

  1. Skulle gjerne vore og høyrt Rønnaug, men eg var ikkje i form i går kveld og heller ikkje i dag tidleg, så det vart liksom ikkje. At eg friskna til etter kvart og for på shopping er ei anna sak.

    SvarSlett