søndag 27. juni 2010

Meals on wheels

Ved avlevering av born i dag hadde Gubben like godt med ei stor gryte med hjortekjøt, så då var det berre å dekke på i spisestua og ha ein skikkeleg gammaldags søndagsmiddag med rikeleg brun saus. Nydeleg mat, sjølvsagt, og rikeleg med restar til måndagsmiddag.

Desserten inntok to i den yngre garde medan dei såg fotballkamp. "Nær-tv" er eit omgrep som har ei spesiell tyding her i heimen. Akkurat no heiar dei veldig på England, og det gjer i grunnen eg òg, for husefreden si skuld.

2 kommentarer:

  1. Hm... eg og har hjortegryte på kok ... Den skal visst etast etter kampen, har eg fått høyre.

    SvarSlett
  2. Vår hjort ligg trygt i frysaren enn så lenge.

    SvarSlett