onsdag 2. juni 2010

Om mange rumpetroll og ein stabukk

I dag skulle Nummer 3 i selskap til naboguten, og gutane og eg valde å ta med oss hundane i Brundalen. Då vi kom opp, skulle eg som vanleg ta bilete for å kunne illustrere dagens blogginnlegg. "No card" lyste mot meg - minnebrikka stod att i PC'en heime. Det er ikkje første gongen slikt har skjedd, og sikkert ikkje den siste heller, dessverre. Trøysta var at det var direkte surt og kaldt på setra i dag, at hundane vassa i gjørme såpass dei vart svært lite eigna for fotografering og at det ikkje skjedde noko meir minneverdig enn at vi såg mange rumpetroll.

På veg nedatt begynte det å regne, og utover dagen vart vêret skikkeleg stygt. Nummer 2 reiste til Vanylven på fotballkamp (dei vann 7 - 2 med Junior i mål) og dei to yngste skulle ha med seg nabojenta på fotballtrening. Minstemann har gjenoppstått som Indiana Jones, så noko fotball vart uaktuelt, sjølv om trenaren sa han godt kunne få spele med cowboyhatten på. Han sette seg i bilen og nekta å rikke seg, sjølv om eg prøvde å gjere opphaldet der så keisamt som mogleg. Har den karen bestemt seg for noko, er han umogleg å lokke eller true - han kryssar armane over brystet, bit seg i underleppa og er direkte utilgjengeleg for argumentasjon.

2 kommentarer:

  1. Morfaren meinte han sa noko om at han hadde mist hatten sin? No forstår eg det slik at han har funne den att.Skal bli artig å sjå kva han slår inn på, etter å ha blitt med på diverse arrangement innan dans og fotball, delvis mot sin vile.

    SvarSlett
  2. Han har funne att hatten og veska, og begge delar er med både på fotball og på skulen. Det er ikkje sikkert vi får oppleve denne karen på bane eller scene, men han har absolutt sin underhaldningsverdi likevel.

    SvarSlett