mandag 14. juni 2010

Vel blåst

Munnleg eksamen er overstått for i år - i alle fall for min del. Sju av elevane mine i internasjonal engelsk var oppe i dag, og resultatet var bra samla sett, sjølv om eg må innrømme at eg hadde håpa på eit par betre prestasjonar. Nokre glimta til og gjorde det betre enn frykta og forventa. Karakteren etter 25 minutt med munnleg eksamen er noko anna enn standpunktkarakteren, som måler kompetansen ein har vist gjennom eit heilt år. Det er derfor mogleg både å få total panikk og framstå som totalt kunnskapslaus og å sjarmere i senk sensor. Det førstnemnde hende heldigvis ikkje i år, men det er noko eg fryktar kvar gong.

Eg er alt i alt nøgd, og håpar elevane òg sit med ei god kjensle no, og kan gå til ferie med skuldrane nede. 

3 kommentarer:

  1. Elevane dine er i alle fall heldige som får behalde standpunktkarakteren-det fekk ikkje vi som tok eksamen somprivatistar. Synest du skal vere nøgd med resultatet og glede deg over at du er komen SÅ langt.

    SvarSlett
  2. God ferie til deg og dine, kanskje de ser innom oss i løpet av sommaren?

    SvarSlett
  3. Ja, berre eg får ordna bilproblemet mitt, så tek eg meg sikkert turar både hit og dit. Har ein slags plan om å ta meg eit "Måløyraid" og sjå Kannesteinen, blant anna.

    SvarSlett