tirsdag 8. juni 2010

Veslejenta på Voldatur

Sidan Veslejenta skulle spele på musikkskule-konsert i dag, vart det til at eg møtte henne på kaia, tok henne med på middagsdate og følgde henne til konserten. Etterpå vart det venting på begge kaiene, så vi fekk kosa oss med is i Volda og klatring på Folkestad før vi endeleg fekk skyss. Veslejenta reiste vidare til korps-øving, medan Minstemann og eg driv med sofasl-øving.

Forresten så vil eg nytte høvet til å skjenne litt over foreldre som tek med seg ungen sin og stikk etter endt opptreden når dei er på slike konsertar. Nokre har kanskje ei uheldig dobbelbooking, men påfallande mange har denne uvanen. Når ein konsert varer i 50 minutt, må det vere mogleg å sitje tida ut, i respekt for dei andre utøvarane og som gode føredøme for borna sine.

4 kommentarer:

  1. Det er rett og slett uhøflig å gå før det er slutt. Mitt råd: Noter ned namna på dei som har denne uvanen, og lat borna deira spele heilt sist neste gong ! 50 minutt kan dei fleste avsjå.
    Er det slike fine tre på Folkestad? Legg ikkje merke til det når vi kjem og fer i samme farten til/frå ferja.

    SvarSlett
  2. Ja, der er slike tre på jobb òg no, og det passar så bra med full bløming i eksamenstida. Bortsett frå for allergikarar. Eigentleg burde dei store gruppene med fele og slikt vere til slutt, for dei begynner konserten, og då blir det mange som går.

    SvarSlett
  3. Du får snakke med leiinga av musikkskulen! Dette er ein skikkelig USKIKK.

    SvarSlett
  4. Einig. Programleiaren t.d. rektoren, kan godt seie litt om korleis ein oppfører seg på konsert som ei innleiing. Skjenning etterpå vert berre utidig og kanskje feil folk får dårleg samvit.

    SvarSlett