lørdag 31. juli 2010

Siste stopp Lillehammer

Det er greitt å ha ein kort sisteetappe, så det har blitt ein tradisjon å stogge på Lillehammer. Det var ikkje så langt å kjøre frå Strömstad, men det vart både svenskehandel og dekkskifte før vi kom så langt. Vi roa ned ein ekstra dag og stakk innom badelandet på Jorekstad. Det var ein fin måte å avslutte ferien på, og etter badet smakte det herleg med pizza og oreokake m/is på Peppe's. No er vi heime att, i kulde og skodde, men med håp om nokre fine dagar før skulen begynner.

2 kommentarer:

  1. Det håper vi!
    I dag satsar vi på å stoppe på Lillehammer eit par timar, på Bjerkebæk. To norsklærarar på tur ...

    SvarSlett
  2. Kjenner meg att på Peppes. Plar ha ein tur innom der nesten kvart år. I sommar blei det ikkje, men året er enno ikkje forbi.Koselig plas og god pizza.
    Så får de vere velkomne heim etter ein innhaldsrik ferie.

    SvarSlett