mandag 16. august 2010

Bok 39 2010: "Min Kamp 1" av Karl Ove Knausgård

Det er berre å innrømme det: eg har fått dilla. Dette er ein av dei absolutt beste oppvekstromanane eg har lese, og det seier ikkje lite. Utgangspunktet for romanen er at forfattaren mislukkast i å skrive fiksjon fordi han eigentleg vil fortelje noko om sin eigen far, og så går han til det drastiske skrittet det er å fortelje den nakne sanninga om sitt eige liv. For avkledd er det verkeleg. Personleg syntest eg sekvensen med vaskinga i huset der farmora og faren hadde budd var det mest gripande i boka. Eg hugsar at eg likte godt vaskesekvensen i "Berlinerpoplene" av Anne B Ragde òg - det er kanskje noko med den symbolske handlinga det er å gjere reint, samtidig som ein så tydeleg ser korleis reinsemd heng saman med menneskeverdet, på ein måte. Eg har bestemt meg for å lese alle seks banda av "Min Kamp", sjølv om eg var skeptisk i utgangspunktet.

1 kommentar:

  1. Nok ein gong er eg heilt samd med deg i det du skriv om bøkene du har lese. Brødrene K. har eg ikkje lese, for russiske romanar på lydbok blir for travelt for haude mitt. Håper Min kamp 2 også er lesverdig. Eg var heilfrelst etter nr.1, og den vaskescena er noko av det mest gripande eg har lese.

    SvarSlett