mandag 30. august 2010

Bok 43 2010: "Min kamp 2" av Karl Ove Knausgård

Begeistringa held fram også etter den andre boka i serien. No kjennest det som om Knausgård er ein god ven som betrur seg til meg, og at eg er ein ivrig lyttande ven. Eg har prøvd å tenkje etter kvifor eg likar bøkene, og hanr funne ut at det har lite med kjendisavsløringane å gjere, og at det heller ikkje er handlinga som er så frykteleg interessant - den er tvert imot rimeleg triviell. Det som fascinerer meg mest er refleksjonane, og dei tilsynelatande dønn ærlege tankane. Knausgård kan til dømes innrømme at han kjeda seg då han hadde pappapermisjon; meir politisk ukorrekt blir det neppe. Bøkene kan verte svært omstendelege når det gjeld skildring av korleis han lagar middag eller rullar ein røyk, men sett i samanheng sjarmerer denne utløysinga av skriving meg. Utgangspunktet for serien ser ut til å vere skrivesperre på grunn av at han eigentleg vil fortelje si eiga historie, men at han prøver å pakke den inn i fiksjon. Så begynner han å skrive om sitt eige liv, og då losnar alt. Tilsynelatande etter ein slags innfallsmetode, og utan særleg sensur. Kanskje er hann dønn ærleg, kanskje er dette fiksjon - eg veit ikkje, men eg likar å lytte til han.

2 kommentarer:

  1. Eg er ikkje komen lenger enn til plate nummer 7, og eg er samd i alt du skriv, det er som eg skulle ha sagt det sjølv. Men eg kan også forstå at folk kan bli litt lei av dei detaljerte skildringane.I og med at han er ein svært "belest" person, blir det ikkje banalt, sidan han set sine eigne tankar inn i ein større samanheng. Dessutan skriv han godt. Det "flyt" frå pennen hans i eit ganske "dannet" språk.

    SvarSlett
  2. PS: Du treng ikkje å stresse med å komme med resten av platene, for eg har ei anna bok eg kan lese innimellom, ei som har vore skrive om på FB:Morgen i Jenin.

    SvarSlett