mandag 16. august 2010

Fladalsetra i Bjørkedalen

Eg er usikker på om det heiter Flatdalsetra eller Fladalsetra, og det viste seg at eg var usikker på vegen dit òg. For dei med ekstremt god hukommelse vil kanskje turmålet høyrest kjent ut; sist eg skulle dit hamna eg på feil seter lengre fram i dalen. Denne gongen gjekk eg òg feil, men det viste seg å vere ein betre veg. Særleg fordi vi kom fram til det same målet, men unngjekk å gå gjennom eit beite med unge oksar. Der gjekk vi på veg nedatt.

Uansett namn: setra ligg trolsk til inne i ein skog med mengder av blåbærlyng. Dei to yngste og eg kosa oss med blåbær og grilling på ein aldeles nydeleg dag.

3 kommentarer:

  1. I følge kartet mitt heiter det Flatdalen og Flatdalssetra. Eg garanterer ikkje at det er rett.

    SvarSlett
  2. Eg fann eit kart på nett der det stod Fladalsetra, men på papirkartet mitt står det Flatdalssetra. Meget mystisk.http://www.1881.no/Map/Partner/Startsiden/?query=fladalssetra&WT.mc_id=ABC_020301_Fane_Kart

    SvarSlett
  3. For meg høyrest Fladalssetra mest sannsynlig, for det er eit vanlig fenomen at namn vert omgjort til ord som folk forstår-altså flat i staden for fla...

    SvarSlett