søndag 21. november 2010

Oppsiktsvekkjande familie

Denne søndagen har vore uvanleg sløv for min del. Middagen fekk eg ferdig servert; Barnefaren baud på hjortegryte og fløtegratinerte poteter. Jentene hadde baka vaniljebollar som vi hadde til dessert. Og i og med at eg som vanleg hadde ete for mykje, lokka eg familien med ut på tur etter middag.

Eg vert ofte sjokkert over kor lite refleks folk bruker, spesielt i tettbygde strok. Dagens illustrasjonsfoto er meint å skulle minne blogglesarane om at det er viktig å utstyre seg med rikeleg refleks, også på hundar og vaksne. Det ser ikkje heilt pent ut, men det viktigaste er å bli sett - i tide. Vegane er glatte, og bremselengda kan verte katastrofalt lang.

2 kommentarer:

  1. Vi har refleksvest som fast antrekk i turgruppa! Det er berre å bestemme seg.

    SvarSlett
  2. Eg går aldri ut etter at det er mørkt, knapt nok før Men eg støttar fullt ut oppmodinga om å bruke refleks. Det er livsfarlig å ikkje gjere det.

    SvarSlett