lørdag 6. november 2010

Bok 57 2010: "Min kamp 3" av Karl Ove Knausgård

Eg er fan - det er berre å innrømme det. Denne tredje boka i serien er ei hjarteskjerande skildring av ein far som terroriserer omgjevnadene, men òg av mange gode barndomsminne. Som i dei to første bøkene er eg mindre oppteken av dei faktiske hendingane enn av Knausgårds refleksjonar rundt hendingane. Særleg beit eg meg merke i det han skriv om at han ikkje hugsar mora så godt frå kvardagane i oppveksten, og at han håpar at borna hans ikkje vil hugse han når dei vert vaksne. Han skriv i det heile varmt om mora, med unntak av den episoden der ho har kjøpt ei blomstrete badehette til han. Det er lett å kjenne seg att i slike skildringar.

Språket er ikkje heilt etter min smak. Til tider kan setningsstrukturen vere svært oppkonstruert og arkaisk, som til dømes i skildringa "det av blinkende discokuler opplyste lokalet", men eg les desse bøkene som eit resultat av ein forløysande skriveeksplosjon, ein "stream of consciousness". Det er gripande og intenst, og eg les noko anna innimellom bøkene for ikkje å få overdose.

1 kommentar:

  1. Kan berre seie meg heilt samd i det du skriv. Sjølv har eg nettopp lese nr.4 og følte virkelig for ei pause.Språket i Knausgård sine bøker er, som du seier, merkelig. Eg har før kalla det arkaisk, og dømet ditt er typisk for stilen.Og det er heilt sikkert eit bevisst val. Med det same eg begynte å lese bøkene, tenkte eg på Hamsuns SULT, og det har eg gjort mange gonger sidan også. Det kjem også fram at Knausgård er ein stor beundrar av Hamsun. Så kanskje det er derfor han skriv som han gjer. Kan hende skriv eg og spør han.

    SvarSlett