lørdag 27. november 2010

Laurdag: shopping, selskap og stryking

I dag skulle jentene øve til ballettshowet i Ørsta. Trudde eg. Det var nemleg berre Eldstejenta som skulle i elden, så Veslejenta og eg tok oss ein shoppingrunde før vi alle tre for av stad for å halde selskap for Minstemann. Det var eit triveleg selskap, og han fekk mange fine presangar, så også denne gongen såg han nesten litt fram til at selskapet skulle ta slutt så han fekk opne legopakkane og sette i gang med bygginga.

No i kveldinga driv eg og pyntar litt til advent/jul. Eg kjøpte nemleg ingen gåver i dag, men til dømes nye jule-kjøkengardiner, som eg no har stroke og hengt opp. Eg kjøpte dessutan røykelse, så no manglar berre gull og myrra før jula er i boks.

1 kommentar:

  1. Her har det vore korpskafé i dag. Olaug skulle vere to stader samtidig i dag, så vi og stod over julegrantenninga. Korpset sleit visst med instrumenta i kulden. Moldenserar på besøk i morgon.

    SvarSlett