onsdag 3. november 2010

Dobbeltkommunikasjon

Det er viktig å stelle pent med tennene sine. Eg trur ikkje eg har hatt hol i tennene etter fylte tjue, og eg får alltid skryt av tannlegen for godt stell. Dersom eg gløymer tanntråd eller fluorskyll ein dag, føler eg meg sjuskete.

Minstemann slit med noko større tannproblem. Heldigvis er det i mjølketennene. Tannlegen, som er ein triveleg fyr, gir guten ros for god åtferd under boring og fylling, og behandlinga er blitt delt opp i fleire små besøk i staden for ein "helaften". Guten småpratar om laust og fast med tannlegen, og etter endt besøk sprett han ut av stolen for å velje seg ein premie frå skuffa.

Eg har alltid praktisert premiering av snille barn, og Minstemann får ein legofigur når han har vore flink gut hos tannlegen. Hittil i haust har det blitt fire skumle figurar. Eg lurer på om han nokon gong kjem til å bli flinkare til å stelle tennene...

1 kommentar:

  1. Ein ting er i alle fall sikkert, og det er at det er positivt at han ikkje gruar seg for å gå til tannlegen slik vi gjorde i min barndom. Og med god grunn!
    Seinare får du premiere han når han kjem heim med 0 hull ! så blir det balanse i rekneskapen. Trur eg.
    Har kjøpt LEGO spill til K.-gutane. Det er visst ein ny serie.(Bror din tipsa meg).

    SvarSlett