tirsdag 9. november 2010

Kald kosetysdag

I dag var det frykteleg kaldt ute. Det kjennest i alle fall slik når ein ikkje heilt har vent seg til tanken på vinter. Etter jobb henta eg Minstemann og kompisen på SFO. Dei var ute og leika seg iført tjukke vinterdressar, medan eg vasa rundt i kjole, tynn strømpebukse og høge hælar. Vel heime fekk eg skifta over til eit mindre flatterande antrekk såpass eg fekk varmen i meg. Varmepumpa sørgjer for godt innemiljø, og eg fyrer litt i omnen i tillegg for å kunne opne opp til gangen og få varme i resten av huset. Til middag hadde gutane bestemt at vi skulle ha pannekaker, og det gjekk ned på høgkant Etter middag har dei leika og styra på, medan eg har lata meg frykteleg. No er Minstemann og eg her aleine, og han får sjå litt tv før leggetid. Vi kosar oss med pledd og puter, og det spørs om vi må lage oss litt suppe til kvelds for verkeleg å få varmen i oss.

PS: Minstemann har ein beundringsverdig mimikk. Han får IKKJE sjå skrekkfilm...

1 kommentar:

  1. I dag fann eg fram ein "innunder-genser" som eg kjøpte i fjor. Den har lange ermar og høg hals og er i ull+ silke.Var redd eg skulle fryse hos tannlegen, men det gjorde eg altså ikkje. Ikkje etterpå heller. Men denne genseren var dyr og må sparast til spesielle anledningar, så får eg bruke ulltrøyer til kvardags.Har ein irriterande kløhoste, så det endar vel opp i eit kvart.

    SvarSlett