onsdag 10. november 2010

Jubileum og open dag



I samband med jubileumsveka på jobb har vi i dag hatt open dag, der bygdefolk kunne stikke innom og sjå den nyrenoverte skulen og sjå litt på kva vi styrer med i ein moderne skulekvardag. Dei ulike fagseksjonane laga sine eigne opplegg, og norskseksjonen sitt bidrag var mellom anna ei utstilling av litteratur, film og musikk om og frå bygdene Ørsta og Volda. Ein undertittel på prosjektet var "Frå Snorre til Trolljegeren". Vi hadde ramma inne sitat frå litteraturen, kopiert opp lokale døme på folkedikting og lagt fram bøker, filmar og musikk. Blant kuriositetane kan nemnast filmane "Når kassa er tom", med ein kollega i den kvinnelege hovudrolla, og "Bortreist på ubestemt tid", ein gammal norsk kriminalfilm med blant andre Julie Ege. Vi har hatt det kjekt medan vi styrte med dette, og noko av utstillinga kjem sikkert til å bli permanent.

3 kommentarer:

  1. Eg hadde virkelig hatt lyst å sjå utstillinga m.m. Men når ein er tett i toppen og hostar nærmast utan opphald er det ikkje noko artig. Skal kjøpe hostesaft etc. i morgon. Håper å bli bra til laurdag!Artig med det gamle bildet av deg og Siri(som eg ikkje hugsar).

    SvarSlett
  2. Siri var frå Arendal, snakka østlandsk. Ho var der berre det året. Ho var no heime hos meg nokre gongar.

    SvarSlett
  3. Eg var nok litt sjølvopptatt på den tida. Som du hugsar sat eg sjølv på skulebenken 1985-87.Og var nedesylta i skulearbeid.

    SvarSlett