I dag tok vi turen til Volda kyrkje, der dei to mellomste skulle opptre. Veslejenta spelte kornett i ei messinggruppe, og det gjekk veldig fint. Ho har som regel kontroll på det ho styrer med, og ho øver dessutan ein del så vi veit at ho kan det ho styrer med.
Storegut er litt annleis. Han spelar gitar så sant han får tak i ein, så det veit vi at han kan. På skulefesten før jul viste det seg plutseleg at han kan å spele slagverk òg, utan å ha hatt ein einaste undervisningstime. I dag slo han til med song - ikkje verst for ein 13 år gammal gut å synge solo i Volda kyrkje, som er kjend for å ha god lyd! Eg sat på nåler med hjartet i halsen, og pusta letta ut då han var ferdig. Saman med kompisen er han med i bandet "Lommerosk", og dei spelte på karneval på Straumshamn i går kveld. Han er dermed tredje generasjons musikar på farssida.
Gutane og gitarlæraren spelte "Times like these" med Foo Fighters. Dei same gutane og eg skal til Oslo på Foo Fighters-konsert i juni, og det er fullt fortent for dei to. Den songen er ein av dei mange favorittane mine, forresten, og de kan høyre originalen her
- eller i ein akustisk versjon her
Dei er kjempeflinke begge to, men soloson er nok det som krevst mest mot til!?
SvarSlettJa, det er rart med det. Guten er 13 - say no more...
SvarSlett