fredag 4. februar 2011

Bok 8 2011: "Kvinnen i plast" av Kjell Ola Dahl

Denne forfattaren er ny for meg, men eg kjem nok til å kaste meg over fleire bøker av han, sjølv om denne vert sagt å vere hans beste.

Boka inneheld fleire drap, nokre gamle historier som vert rulla opp og menneske som viser seg å ha godt løynde svin på skogen. Dette er god krim for oss som liker dei realistiske historiene betre enn science fiction. Lause trådar vert nøsta opp utan at ein har gissa alle poeng på førehand, og personane vert karakteristiske nok til at vi greier å halde dei frå kvarandre. Handlinga er spennande og ikkje altfor komplisert, så det er lett å følgje med i lydboka medan ein gjer andre ting - eg har mellom anna gått tur, jogga på tredemølle og montert møblar medan eg høyrde på den. Ein kveld eg var ute og gjekk i mørkret, vart boka i overkant spennande, og eg er ikkje kjend for å vere mørkeredd.

3 kommentarer:

  1. Eg har lese minst ei bok av denne forfattaren, og liktden/ dei.Vi får kanskje bytte MP3 ved neste møte?

    SvarSlett
  2. Eg har lese boka, men hugsar den ikkje så godt i farta ...

    SvarSlett
  3. Det er derfor eg bloggar-for å hugse bøkene. Når ein les så mykje skal det godt gjerast å halde bøkene frå kvarandre.Denne ligg på den eldste MP3-en min, så det er nok ei stund sidan du(Solveig) la den inn

    SvarSlett