I dag var det nokolunde opplett ei stund, og Minstemann og eg gjekk tur i fjøra. Vi likar godt å sjå etter fine steinar og sneglehus, og så prata vi om laust og fast - mest om Star Wars og anna som opptek poden for tida. Etterpå vart det pannekakesteiking - det er tredje gongen vi lagar pannekaker når Barnefaren kjører Veslejenta på ballett på onsdagar, så no er det kanskje blitt ein tradisjon.
Du veit kva vi pla seie: gjer ein noko meir enn ein gong, blir det lett ein tradisjon.
SvarSlettFekk så lyst på pannekaker!
SvarSlettDenne gongen laga eg meir røre, med ti egg og 1 1/2 liter mjølk. Dessutan hadde eg bakepulver i - eg er ikkje heilt sikker på om dei blir betre av det. Latskapen slo til som sist, så eg kjøpte ferdig oppkutta bacon. Enklare blir det ikkje.
SvarSlett