torsdag 24. februar 2011

Hello/Goodbye - årets musikal på jobb

Så var den her endeleg, den store musikaldagen vår. Heile åtte billettar hadde eg kjøpt denne gongen, for "Besta" fekk to billettar i morsdagsgåve.

Det tek si tid å få samla troppane etter ballett, gitartime og SFO, men Eldstejenta og eg fekk skvisa inn ei treningsøkt òg, før alle ungane og foreldra samla seg på hybelen og åt forseinka morsdagskake. Deretter tok vi oss ein tur på den tyrkiske restauranten i Ørsta, der vi bestilte to store pizza og løyvde halvparten (som vi fekk med heim). Nydeleg og mettande pizza var det uansett, så dit skal vi oftare!

Musikalen svara absolutt til forventningane, som var skyhøge. Der var relativt lite dans og få replikkar i årets framsyning, men solide soloprestasjonar og flott korsong. Eit kvalitetsteikn var det at Minstemann ikkje sovna før langt ut i andre akt...

Sjå her for smakebitar frå musikalen

1 kommentar:

  1. Vi likte musikalen veldig godt. No har eg alltid likt Beatlesmusikken, men den hadde ikkje vondt av ei lita fornying med ulike songarar og eit stort kor- snarare tvert imot. Framføringa deira av LET IT BE i gospeldrakt rørte meg langt inn i sjela.

    SvarSlett