søndag 13. februar 2011

Bok 11 2011: "Prosten og han forunderlige tjener" av Arto Paasilinna

Bøkene til den finske forfattaren har nokre fellestrekk, som at det ofte handlar om ei reise, og at humoren er særeigen. Denne romanen er ikkje noko unntak.

Ein prost får ein bjørnunge i gåve. Bjørnungen er morlaus fordi mora, i fylla, klatra opp i ei elektrisitetsmast for å få tak i ei kokke, som i sin tur hadde blitt skremd til å klatre opp i masta av den same bjørnemora. Begge døyr, og prosten held ei preike i gravferda til kokka der han ramsar opp alle dei kulinariske spesialitetane ho kunne lage. Folk i gravferda skundar seg heim etterpå, sidan talen til prosten har gjort dei svært svoltne. Slik begynner det underhaldande og heilsprø eventyret om prosten, bjørnen, den unge (kvinnelege) bjørneforskaren og flokk andre store personlegdomar. Tragiske hendingar blir ustyrteleg morosame, og ein finn nokre døme på lattarleggjering av sider ved samfunnet generelt, og religion spesielt.

Dersom ein likar bøkene til Paasilinna, må ein like denne.

2 kommentarer:

  1. Eg likarPaasilinna sine bøker, og har lese dei fleste. Der er mykje som går att i bøkene, mellom anna dette med reiser.Eg har Kollektivt selvmord som favoritt, men alle er morsomme og spesielle. Det bør gå ei stund mellom kvar bok....

    SvarSlett
  2. Eg synest skildringane av svensklekstoren, prostefrua, var kostelege!

    SvarSlett