mandag 12. desember 2011

12. desember: the nightmare before Christmas is finally over!

I dag hadde eg ein relativt sløv dag på jobb når det gjaldt undervisning, men ein nyttig gjennomgang av oppgåvene i den siste bunken min. Eg begynte på den langtekkelege jobben med å lese gjennom alle svara ein gong til, skrive kommentarar og setje karakterar - noko som eg har fullført no i kveldinga.

Etter jobb brukte vi ein time til å handle inn besteklede til gutane, i tillegg til eit par julegåver.

Mitt største førejulsstress er å rette tentamensbunkar, og når det no er overstått ser eg fram til å kunne bruke dei resterande dagane til andre aktivitetar!

3 kommentarer:

  1. Eg må seie du er flink! Eg har berre retta ein halv ... Men det går framover. Eg satsar på ein halv i morgon også! Eg begynte med bokmål, deretter vert det vel nynorsk. Engelsk trur eg at eg utset til etter jul.

    SvarSlett
  2. Eg har hatt ein rettefri dag/kveld sidan eg fekk inn første bunken, så eg har verkeleg stått på. Så har eg heller ikkje vore særleg sosial, og julebordet skulka eg glatt.

    SvarSlett
  3. Godt alt som er gjort, så slepp du å ha det hengande over deg i jula.

    SvarSlett