mandag 19. desember 2011

Bok 87 2011: "Den glemte hagen" av Kate Morton

Det har teke si tid å høyre gjennom alle dei 17 cd-ane, men lesinga har vore ei rein fryd. Vi fyl tre parallelle historier frå fortid og notid, og det heile utviklar seg til litt av eit drama. Eg vil ikkje røpe noko av handlinga, men berre anbefale boka på det sterkaste for dei som likar mysterium. Eg likte godt "Tilbake til Riverton" av same forfattar, men lurer på om eg ikkje likar denne litt betre. Den minner om både "Den løyndomsfulle hagen" og "Lille lord Fountleroy", men historia er sjølvsagt tilpassa vaksne og stilen ein smule meir realistisk.

2 kommentarer:

  1. Eg likar godt å lese slike upretensiøse romanar av og til.Slike som ein slepp å tolke så altfor ykje. Eg veit at eg har lese boka, men eg blandar kanskje saman bøkene til Kate Morton?

    SvarSlett
  2. Eg vil ikkje røpe for mykje av handlinga, men denne handlar om eit barnebarn frå Australia...

    SvarSlett