lørdag 7. april 2012

Påskeaftan

I dag tidleg stakk Kongsberg-gjengen innom på besøk. Dei hadde begynt på heimturen, men tok seg heldigvis tid til å kome og sjå huset vårt og leike litt med søskenbarna. Det er heldigvis ikkje så lenge til sommarferien, då vi kan møtast att.

Etter besøket skulle vi eigentleg handle mat, men så fann vi ut at vi hadde alt vi treng, så vi roa oss i staden ned med ein liten rusletur før vi igjen kosa oss med innesyslar. Til middag tok vi opp av frysaren nokre fleire restar frå dåpsfesten, så det vart enkel servering i dag òg.

Etter middag gøymde eg påskeegga som Tante S kom med førre helg, og vi hadde mykje moro før alle hadde funne sitt egg.

1 kommentar:

  1. I dag har det vore servert resterettar her og. No har eg laga eggerøre til spekemat og røykelaks. Håper potetene går med og!
    Kjekt at dei kosar seg med påskeegga!

    SvarSlett