mandag 2. april 2012

Dagen før dagen

Laurdag fekk vi besøk frå Solund, der farsslekta mi kjem frå. Det var kusina mi med mann som kom, og vi hadde ein hyggeleg og avslappa kveld etter å ha brukt mesteparten av fredagskvelden og laurdag føremiddag til å dekke bord og pynte festlokalet. Serveringa vart svært enkel.

Kusina mi har sydd bunaden til Eldstejenta, som ho fekk til konfirmasjonen i 2008.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar