tirsdag 3. april 2012

Ferie i finevêr


I dag skein påskesola, og nysnøen låg fin og kvit over omlandet. Dei to yngste boltra seg i leik utanfor huset, og så var det på tide å skysse Eldstejenta til ferjekaia. Ho skulle jobbe seinvakt i Volda i dag. Vi hine stakk innom butikken for mellom anna å handle inn meir mjølk, og så gjekk vi oss ein tur ut i finevêret. Det vart ein temmeleg sløv dag i dag òg, og ungane kosar seg no med diverse spel i kjellaren medan Gamla hyggar seg med ei god bok. Det er deilig med ferie!

2 kommentarer:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  2. Ein treng nokre dagar utan program innimellom! Velkomne i morgon!

    SvarSlett