torsdag 12. april 2012

Bok 20 2012: "Mørk safari" av Tomm Kristiansen

Dette er ei forteljing om Henry M Stanley, mannen bak dei legendariske orda "Doctor Livingstone, I presume?" Vi får følgje Stanley på ulike eventyr i 1800-talets Afrika, der målet var å fylle ut dei kvite felta på verdskartet. Kristiansen fortel godt, og det er han sjølv som les i lydbokversjonen. Han tek med ein del fakta som syner kontrastane i møtet mellom kolonane og kolonimaktene, og som viser den rasismen som var utbreidd. Ei av historiene som festa seg, var då ein i reisefølgjet til Stanley betalte nokre innfødde seks lommedukar for å slakte og ete ei ti år gamal jente, medan han sjølv sat og noterte og teikna skisser av dei forferdelege kannibalane.

Boka er verd å lese både for historisk interesserte og dei som set pris på gode historier.

1 kommentar:

  1. Denne boka har eg faktisk lese - for mange år sidan. Har lese mange andre bøker av samme forfattaren også. Det er ein interessant måte å lære historie på.

    SvarSlett