mandag 2. april 2012

Den store barnedåpen


Systera mi har allereie blogga fint om dåpsgudstenesta og festen på sin blogg, så dei som vil kan lese der. Eg vil berre nytte høvet til å takke alle som har delteke og gjort ein innsats for at vi skulle få ein så vellukka og triveleg dag saman til ære for det store dåpsbarnet. Vi er overvelda og takksame for alle som ville kome, alle som bidrog med kaker og gåver og alle som kom med lukkeønskingar eller møtte opp i kyrkja. Guten sjølv er strålande blid og har hatt ei fin oppleving saman med slekt og vener.

2 kommentarer:

  1. Mykje fin ungdom (i alle aldrar) på dåpsfesten. Tusen takk for ein koseleg dag. Godt det er påskeferie så de får kvile dykk ut. God Påske!

    SvarSlett
  2. Takk for at de kom! Kjekt å kunne samle så mange.

    SvarSlett